17/06/2021

DAG 7

Det er klart det er ein samanheng mellom favorittsigrar og mange poeng i tippinga, men likevel: Det vart plukka mykje poeng i går. Tolv tipparar hadde heilt rett resultat i Danmark-Belgia, medan ti hadde heilt rett i Nederland-Austerrike. Nederland siglar opp som den heilt store sylvfavoritten.

Mange av oss hadde rett vinnar i alle tre, nokre av oss hadde ein eller to heilt rette resultat, men ingen kunne metsja Lars i går: Tre rette resultat, og han klatrar dermed sjølvsagt på tabellen. 

Øvst på tabellen ligg Håkon. Sånn for ordens skuld minner eg om at legg saman poenga til Håkon og Håkon, for at alle lettare skal sjå kva stillinga er. Det har vore hinta om at dette er litt urettvist, så fram til 15. juli opnar me opp for at fleire kan kalla seg Håkon. 

Elles ser me Torunn framleis tviheld på luka ho har skaffa seg.

Individuelt
27 poeng: Håkon
23 poeng: Johannes
22 poeng: Lars og Oda
21 poeng: Theodor
19 poeng: Brynjulf og Idar
18 poeng: Eirik
17 poeng: Jostein
16 poeng: Bjørnar og Maren Ingeborg
15 poeng: Christoffer, Herman, Kjartan og Matias
14 poeng: Janne
13 poeng: Erlend, Max, Odd Martin, Ole Petter og Stein Inge
12 poeng: Alfred og Arnfinn
11 poeng: Erling, Merete, Torstein og Øystein
10 poeng: Mygg
9 poeng: Hallgeir og Håvard
8 poeng: Astrid
5 poeng: Torunn

Lag
13 poeng: Jens Johan, Tobias og Sebastian

2 kommentarer:

  1. Så lenge var eg, Håkon K, altså i paradis. Du har slått saman Håkon K og Håkon R, dvs. at eg så vidt eg kan sjå, har 13 poeng, Håkon R har 14. Trøyster meg med at eg som vanleg har tippa Italia som vinnar, dei ser sterke ut i år!

    SvarSlett
  2. Eg veit sjølvsagt at dei to Håkonane er slegne saman til ein, og eg skreiv ei forklaring på kvifor det er slik i innlegget "Dag 1". Eg tenkte visst ikkje nok på at det ville vera klargjerande for dei aller fleste av oss, men mindre klargjerande for Håkon og Håkon.

    SvarSlett

DAG 21

Som venta vart det tungt for Danmark. 120 minutt mot England i semifinala, og nye 120 minutt i finala. Dei gjorde likevel ein heltemodig inn...