11/07/2021

DAG 21

Som venta vart det tungt for Danmark. 120 minutt mot England i semifinala, og nye 120 minutt i finala. Dei gjorde likevel ein heltemodig innsats, og fortener honnør. 

Som venta vann Håkon klart i den individuelle konkurransen, medan Team Biff vann lagtevlinga. Alle får e-post om korleis dei kan overføra pengar til vinnaren.

Takk for no; velkomen attende ein gong det passar.

Individuelt
86 poeng: Håkon
55 poeng: Johannes
50 poeng: Lars
48 poeng: Theodor
45 poeng: Øystein
44 poeng: Christoffer, Erling og Oda
42 poeng: Brynjulf og Torstein
40 poeng: Eirik og Torunn
39 poeng: Idar og Maren Ingeborg
38 poeng: Astrid, Herman, Janne, Kjartan og Ole Petter
37 poeng: Jostein
36 poeng: Hallgeir
35 poeng: Matias
34 poeng: Bjørnar og Odd Martin
33 poeng: Alfred og Mygg
31 poeng: Max
30 poeng: Arnfinn
29 poeng: Merete
24 poeng: Erlend
22 poeng: Håvard

Lag
39 poeng: Team Biff (Stein og Inge)
38 poeng: Team Hyvik (Jens Johan, Tobias og Sebastian)

07/07/2021

DAG 20

Det meste verkar framleis avgjort i den individuelle tevlinga, medan det framleis er spaning i lag-tevlinga. 

Den siste semifinala vart diverre avgjort ved at engelskmennene filma seg til straffespark. Eg kan sjølvsagt ikkje akseptera slik oppførsel, slik at eg stryk det målet. Det kom ingen fleire mål i ekstraomgangane, og i straffesparkkonkurransen vart som vanleg England for svake. Eg har difor gitt poeng til dei som tippa Danmark som vinnar, og i finala tippar me resultatet mellom Italia og Danmark. 

Individuelt
75 poeng: Håkon
56 poeng: Johannes
48 poeng: Lars
46 poeng: Theodor
44 poeng: Erling 
42 poeng: Oda
41 poeng: Brynjulf
40 poeng: Eirik, Maren Ingeborg og Torstein
38 poeng: Kjartan og Ole Petter
37 poeng: Hallgeir, Herman, Idar og Janne
36 poeng: Jostein
35 poeng: Matias
33 poeng: Bjørnar, Christoffer, Odd Martin og Øystein
31 poeng: Max og Mygg
29 poeng: Arnfinn og Merete
28 poeng: Torunn
25 poeng: Astrid
24 poeng: Erlend
23 poeng: Alfred
21 poeng: Håvard

Lag
38 poeng: Team Biff (Stein og Inge)
37 poeng: Team Hyvik (Jens Johan, Tobias og Sebastian)

DAG 19B

 Berre sånn for ordens skuld: Resultatlista vert ikkje oppdatert før etter den andre semifinala. Litt orden må det jo vera. I løpet av dagen greier eg truleg å få oppdatert dei ulike tips-sidene òg, men det kjem an på om kor mykje feriering det vert tid til.

03/07/2021

DAG 19

Litt sein oppdatering denne gongen. Mykje god tipping, der Håkon truleg var den som imponerte mest: I dei tre siste kvartfinalene hadde han både heilt rett resultat og rett vinnar, slik at han går inn i historiebøkene som den fyrste som har fått fire poeng i tre kampar på rad. Leiinga hans er stor, og han ligg godt an også framover. Han har tippa at Italia og England vinn EM, så heilt sjanselaus er han nok ikkje.

Ei lita presisering: Dei to på 31 poeng er ikkje den populære duoen frå dansk barne-TV, men to separate tipparar. (Det seier seg jo litt sjølv; viss det hadde vore dei to frå barne-TV hadde dei truleg delteke i lag-tippinga.) 

Individuelt
70 poeng: Håkon
52 poeng: Johannes
47 poeng: Lars
44 poeng: Theodor
42 poeng: Erling
41 poeng: Oda
40 poeng: Brynjulf
38 poeng: Eirik og Maren Ingeborg
37 poeng: Torstein
36 poeng: Herman, Idar, Janne, Kjartan og Ole Petter
35 poeng: Hallgeir og Jostein
34 poeng: Matias
33 poeng: Odd Martin
32 poeng: Bjørnar, Christoffer og Øystein
31 poeng: Max og Mygg
29 poeng: Merete
28 poeng: Arnfinn
27 poeng: Håkon og Torunn
25 poeng: Astrid
24 poeng: Erlend
23 poeng: Alfred
21 poeng: Håvard

Lag
37 poeng: Team Biff (Stein og Inge) og Team Hyvik (Jens Johan, Tobias og Sebastian)

02/07/2021

DAG 18

Til debatt: Boikottar me VM i Qatar, eller vert det ny tipping då? Viss det vert tipping då, unngår me det keisame som skjer under kvar sommar-meisterskap: Nokre tipparar legg like godt ferien sin til EM/VM, slik at dei ikkje har tid til å levera tips. Det skulle såleis vera gode sjansar for å klatra på tabellen for dei som står løpet ut.

I den individuelle tevlinga ser det ut til å vera avgjort, medan den meir prestisjetunge lagtevlinga slettes ikkje er avgjort.

Individuelt
62 poeng: Håkon
50 poeng: Johannes
45 poeng: Lars
42 poeng: Theodor
41 poeng: Erling
38 poeng: Brynjulf
37 poeng: Eirik og Oda
35 poeng: Idar og Kjartan
34 poeng: Herman og Maren Ingeborg
33 poeng: Jostein og Torstein
32 poeng: Janne, Matias, Odd Martin og Ole Petter
31 poeng: Hallgeir og Øystein
30 poeng: Christoffer
29 poeng: Max og Merete
28 poeng: Bjørnar
27 poeng: Arnfinn og Mygg
25 poeng: Torunn
24 poeng: Erlend
23 poeng: Alfred og Astrid
21 poeng: Håvard

Lag
33 poeng: Team Hyvik (Jens Johan, Tobias og Sebastian) og Team Biff (Stein og Inge)

29/06/2021

DAG 17

Jaja, her går det unna. Relativt få utdelte poeng i dag, 15 i England-kampen og 12 i Ukraina-kampen. Den einaste tre-poengaren i dag gjekk til Johannes, som tippa at Ukraina gjekk vidare etter 1-1 etter nitti minutt.

Individuelt
57 poeng: Håkon
49 poeng: Johannes
44 poeng: Lars
42 poeng: Theodor
37 poeng: Erling
36 poeng: Brynjulf, Eirik og Oda
34 poeng: Idar
33 poeng: Herman, Kjartan og Maren Ingeborg
32 poeng:  Jostein
31 poeng: Matias, Ole Petter og Torstein
30 poeng: Janne
29 poeng: Christoffer, Hallgeir, Max, Merete og Øystein
28 poeng: Odd Martin
26 poeng: Arnfinn og Bjørnar
25 poeng: Mygg
24 poeng: Erlend og Torunn
23 poeng: Alfred
22 poeng: Astrid
21 poeng: Håvard

Lag
33 poeng: Team Hyvik (Jens Johan, Tobias og Sebastian)
31 poeng: Team Biff (Stein og Inge)

DAG 16

Me var mange som tenkte at M'bappe kom til å avgjera EM, og me fekk rett. 

I dag ropar me alle hurra for Mygg, som var den einaste som hadde tru på at Sveits kom seg vidare. Me bør òg halda eit auge med lagkonkurransen, der spenningsnivået tek seg opp. Team Hyvik har berre levert tips for dei to fyrste åttandedelsfinalene, slik at Team Biff har ein fin sjanse til å overta teten der. No har rett nok Stein og Inge tippa at England og Sverige skal gå vidare, men likevel.

Individuelt
56 poeng: Håkon
46 poeng: Johannes
43 poeng: Lars
40 poeng: Theodor
36 poeng: Eirik og Oda
35 poeng: Erling
34 poeng: Brynjulf og Idar
33 poeng: Kjartan og Maren Ingeborg
32 poeng: Jostein
31 poeng: Herman og Matias
30 poeng: Ole Petter og Torstein
29 poeng: Christoffer, Hallgeir, Janne og Merete
28 poeng: Max
27 poeng: Odd Martin
26 poeng: Bjørnar
25 poeng: Arnfinn, Mygg og Øystein
24 poeng: Erlend og Håkon
23 poeng: Alfred og Torunn
21 poeng: Håvard
20 poeng: Astrid

Lag
33 poeng: Team Hyvik (Jens Johan, Tobias og Sebastian)
30 poeng: Team Biff (Stein og Inge)

DAG 21

Som venta vart det tungt for Danmark. 120 minutt mot England i semifinala, og nye 120 minutt i finala. Dei gjorde likevel ein heltemodig inn...