12/06/2021

DAG 2

Beklagar litt sein oppdatering; eg var på nokre lågkulturelle greier i Grieghallen i går kveld. Det kom to påmeldingar til i går, slik at eg trur me er oppe i 34. Begge som leverte tips i går viste god sportsånd og tippa blankt i opningskampen. 

Om tippinga i går er det mykje godt å seia. Både Bjørnar og Oda hadde heilt rett resultat i Sveits-Wales og Belgia-Russland. Johannes, som hadde heilt rett resultat i opningskampen fredag, fekk like godt heilt rett resultat også i Sveits-Wales. Kjenner eg han rett såg han då føre seg at han skulle gjera seg historisk ved å tippa absolutt alt rett, og han var berre ein dansk straffebom frå rett resultat i den tredje kampen òg. Den kampen bomma alle på, bortsett frå Odd Martin, som imponerte med å prikka inn heilt rett resultat der.

I lagkonkurransen tok Team Hyvik eitt nytt poeng, og er oppe i to. 

Individuelt
7 poeng
: Johannes og Oda
6 poeng: Bjørnar
5 poeng: Herman, Håkon og Lars
4 poeng: Brynjulf og Theodor
3 poeng: Maren Ingeborg og Odd Martin
2 poeng: Arnfinn, Eirik, Idar, Janne, Jostein, Matias, Mygg, Stein Inge, Torstein og Torunn
1 poeng: Alfred, Christoffer, Erlend, Erling, Hallgeir, Håvard, Kjartan, Max, Ole Petter og Øystein
0 poeng: Astrid og Merete

Lagkonkurransen
2 poeng: Team Hyvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

DAG 21

Som venta vart det tungt for Danmark. 120 minutt mot England i semifinala, og nye 120 minutt i finala. Dei gjorde likevel ein heltemodig inn...