11/06/2021

DAG 1

OK. I år er me visst 32 påmelde. Det er mange gamle travarar, men òg nye travarar. For fyrste gong har me ei fellesliste, slik at me diverre må operera med to tabellar. Som om ikkje det var nok, er det to Håkon-ar som er med. For å gjera det enklare for dei andre å ha oversikt slår eg saman poenga deira.

Som vanleg er det mange forlagstilsette, det er fleire prisløna forfattarar, her er fleire med doktorgrad og vel så det, og det er gamle og unge. Det som er nytt i år er at presidenten i Noregs Tennisforbund er med, så han må reknast som favoritt viss kampane går til tie-break.

Frankrike er det laget flest tippar som vinnar (12), framfor England (8), Belgia og Portugal (3) og Tyskland, Spania og Italia (2)

Ni har tru på at Harry Kane vert toppskårar, åtte har Mbappé, sju har Lukaku, to har Lewandowski, medan ein har tippa høvesvis Rashford, Immobile, Morata, Müller, Mandzukic og "det samme som Kjartan skrev". Så langt ser Immobile ut til å vera det beste tipset.

Det var heldigvis ingen som tippa at Italia skulle tapa i dag, men heile elleve hadde tru på uavgjort. Stillinga er slik:

Individuelt
3 poeng: Johannes
2 poeng: Håkon
1 poeng: Torstein, Eirik, Maren, Ingeborg, Jostein, Janne, Lars, Mygg, Oda, Theodor, Øystein, Stein Inge, Brynjulf, Torunn, Matias, Idar, Herman og Erlend
0 poeng: Kjartan, Erling, Bjørnar, Ole Petter, Merete, Alfred, Arnfinn, Odd Martin, Christoffer, Hallgeir, Astrid

Fellesliste
1 poeng: Team Hyvik (Jens Johan, Tobias og Sebastian) 

1 kommentar:

  1. Håkon kan bli vrang å halda fylgje med.

    SvarSlett

DAG 21

Som venta vart det tungt for Danmark. 120 minutt mot England i semifinala, og nye 120 minutt i finala. Dei gjorde likevel ein heltemodig inn...